Reise til Frankrike
Og det hende i dei dagar at gjestene spurde: «Korleis skal me koma til Château de Goudourville?» Då svara vertskapet og sa:
Sanneleg, me seier dykk: De kan fara med fly eller med hest og kjerre til anten Toulouse eller Bordeaux. Begge stadene tek imot dei reisande frå mange folkeslag, og begge er gode utgangspunkt for å kvila nokre dagar i det velsigna landet Sør-Frankrike.
Toulouse er den næraste porten, og reisa derifrå varer om lag éin time med kjerre… eller leigebil, om du vil. Dette er den vegen me helst tilrår dei som ikkje vil leggja fleire mil til reisa enn naudsynt. Der skal de finna bilar til leige, og vegen til slottet er rette og gode.
Bordeaux ligg noko lenger borte, og ferda tek om lag halvannan til to timar. Men den som vel denne vegen, skal få sjå ein fager by og vinmarker som er kjende over heile jorda.
Den som har visdom, leige seg ein bil. For vegane er gode, trafikken er som oftast fredeleg, og ved slottet skal det finnast rikeleg med plass til å setja frå seg kjerra.
Men den som ikkje vil køyra sjølv, skal ikkje uroa seg. Frå Toulouse kan ein ta toget til Valence-d’Agen og derifrå drosje til slottet. Frå Bordeaux går ferda med tog gjennom Agen til Valence-d’Agen, og sidan med drosje den siste vegen. Ferda tek noko lenger tid, men ho fører fram.
Og me seier dykk: Om nokon har høve til det, så lat dei leggja inn ein eller to dagar i Toulouse eller Bordeaux, anten før eller etter bryllaupet. For landet er vakkert, maten er god, og vinen… ja, den er langt betre enn prosecco.
Overnatting
Her kjem det meir info i haust.
Ein kan få bu på eit privat slott frå 1200-talet, med avgrensa tal rom og ein heilt spesiell atmosfære.
Om ein ønskjer å bu på slottet, ligg prisen for to netter mellom om lag 4 000 og 12 000 kroner per rom. Nokre av romma har plass til opptil åtte personar, men då må ein rekne med å dele seng og/eller bad.
For meir informasjon om romma, sjå:
https://www.chateau-goudourville.fr/en/les-chambres
Overnatting i nærleiken
| Rom | Personar | Kommentar | Pris (2 netter) |
|---|---|---|---|
| Chambres privées | 2-3 | Åpent bad | 7 000 kr |
| Henri IV & De Vivans | 6-9 | Reservert | – |
| d’Affis | 2 | Reservert | – |
| Caumont | 2-3 | 8 000 kr | |
| Diane d’Andoins | 2-3 | 8 000 kr | |
| Clément V | 2-3 | Reservert | – |
| Durfort | 2 | 7 000 kr | |
| Gasques | 2 | 7 000 kr | |
| Lustrac | 2 | Reservert | – |
Bed & Breakfast
Au cœur des éléments – 11 km (ca. 15 min)
- 5 flotte rom
- Basseng og plancha
- Dobbeltrom med frukost: ca. €95–135 (avhengig av rom og sesong)
- Heile staden kan leigast privat
- https://www.aucoeurdeselements.com
Le Clos d’Espalais – 7 km (ca. 10 min)
- 5 rom
- Basseng
- Middag kan bestillast på førehand
- Dobbeltrom med frukost: ca. €75–90
- www.leclosdespalais.fr
L’Oustalet d’Anicette – 4 km (ca. 5 min)
- 4 rom
- Basseng
- Vertskap med stor interesse for film
- Dobbeltrom med frukost: ca. €80–130
- www.anicette.net
Feriehus / Gîtes
Gîte de la Sauvetat – 8,5 km (ca. 12 min)
- Feriehus med 4 soverom og 3 bad
- Plass til 7 personar
- Ligg i den vakre landsbyen Auvillar
- Pris frå ca. €70 per natt
- https://www.gitedelasauvetatauvillar.com
Le Grenier du Levant – 2,5 km (ca. 4 min)
- 3 feriehus
- Kan leigast kvar for seg eller samla
- Plass til 2–25 personar
- Gîte du Tilleul: 4 soverom, 9 personar
- Gîte Balet: 1 soverom, 2 personar
- Gîte du Levant: 3 soverom, 14 personar
- Pris for Gîte du Tilleul (2 netter): ca. €320–380
Domaine du Rouch – 2,5 km (ca. 4 min)
- 3 feriehus
- Basseng
- Kan leigast kvar for seg eller samla
- Balet: 2 soverom, 4 personar
- La Galinière: 2 soverom, 4 personar
- Étable: 3 soverom, 7 personar
- http://lerouch.free.fr/sommaire.php3?lang=fr
Hotell
Le Tout Va Bien – 5 km (ca. 5 min)
- 21 rom
- Restaurant
- Dobbeltrom frå ca. €70 per natt
- Frukost frå ca. €10 per person
Le Moulin de Moissac – 17 km (ca. 20 min)
- 36 rom
- Spa og restaurant
- Dobbeltrom: ca. €80–180 per natt
- Frukost: ca. €14 per person
- www.lemoulindemoissac.com
Praktiske reisetips
Vi anbefaler å setje av ein til to dagar i Toulouse før eller etter bryllaupet. Byen vart kåra av Lonely Planet til den fremste bydestinasjonen å besøkje i 2025, noko som har gitt Toulouse stor internasjonal merksemd. (Toulouse Tourisme)
Sidan vi er flyentusiastar, anbefaler vi sjølvsagt eit besøk til Airbus sitt produksjonsanlegg og flymuseet Aeroscopia. Toulouse er Europas luftfartshovudstad, og dette er opplevingar som passar både store og små flyinteresserte. (The Thorough Tripper)
I sjølve byen finn de ei rekkje hyggelege kafear og restaurantar. Vi anbefaler særleg å smake confit de canard, ein god entrecôte eller nokre av dei lokale ostane frå regionen.
Dersom de landar i Bordeaux, er det òg mykje å oppleve. Det historiske sentrumet står på UNESCO si verdsarvliste, og byen er kjend for både kultur, arkitektur og vin. Besøk gjerne vinmuseet eller den spennande kunstutstillinga i den tidlegare ubåtbunkeren. Her finn de òg nokre av verdas mest kjende vingardar.
I mange delar av Frankrike kan ein ofte berre stikke innom ein vingard, men i Bordeaux-området anbefaler vi å bestille besøk på førehand.