Seremonien og feiringa

Kvifor feirar me bryllaup i Frankrike?

Nokon vil kanskje synest det er litt uvanleg at me inviterer til bryllaupsfeiring i Frankrike når me allereie gifta oss 28. februar 2026. Men for oss kjennest dette heilt rett.

Den dagen me gifta oss, vart me ektefolk. Det var ein stor og viktig dag, og me er djupt takksame for at me fekk seie ja til kvarandre. Samtidig har me begge kjent at me òg ønskjer å feire kjærleiken vår saman med familie og vener i litt større rammer.

Kjærleik som ein har kjempa seg til, må feirast. Begge har gått våre eigne vegar fram til kvarandre, og vegen har ikkje alltid vore enkel. Difor betyr det ekstra mykje å få samle menneska som har støtta oss, bede for oss, heia på oss og gått saman med oss.

For oss handlar denne helga ikkje berre om eit bryllaup, men om takksemd. Takksemd for kvarandre, for livet, for vennskap og for at me fekk finne kvarandre.

Me trur begge på Gud, difor ønskjer me også ei enkel sermoni som kan minne om ei vigsel. Der ønskjer me å takke for kjærleiken, høyre gode ord, synge saman og bli bedne for.

Det viktigaste for oss er at de vil vere der saman med oss når me feirar kjærleiken, livet og framtida.

Gjester

Me har også valt å invitere ganske breitt. Det gjer me både fordi me ønskjer å vise takksemd overfor menneske som har betydd noko for oss, men også fordi me står midt i ein fase av livet der nettverka våre er i endring.

Difor er denne helga også ein måte å byggje fellesskap på. Kanskje kjenner du at du ikkje kjenner oss så godt. Kanskje har me berre møtt kvarandre nokre få gonger, samarbeidd.

For oss handlar ikkje bryllaupet berre om dei som har kjent oss heile livet, men også om dei menneska som er blitt viktige på vegen.

Det viktigaste for oss er ikkje kor lenge du har kjent oss, men at du ønskjer å dele denne helga saman med oss. Me håpar at dagane i Frankrike ikkje berre blir ei feiring av oss, men også eit rom for nye vennskap, gode samtalar og fine minne.

Kleskode og praktisk informasjon

Fargepalett og klede

Det viktigaste for oss er at de kjem slik de kjenner dykk komfortable. Det er ingen streng dresskode, men for dei som ønskjer litt inspirasjon til klede og fargar, har me sett saman ei lita fargepalett for helga.

Fredag – friske og lette fargar
Fredagskvelden blir avslappa og sosial. Her passar lyse og sommarlege fargar godt: lyseblått, salviegrønt, støva rosa, lys lilla, fersken, krem og andre lette tonar.

Laurdag – varme naturfargar
Til seremoni og fest på laurdag ser me føre oss ein varm og roleg fargepalett inspirert av steinslottet og landskapet i Sør-Frankrike. Her passar særleg:

  • Beige og sandtonar
  • Oliven- og salviegrønt
  • Støva eller djup lilla
  • Kremkvitt
  • Varme jordtonar

Menn kan gjerne bruke lys dress, beige, brun eller mørk dress med grøne eller lilla detaljar. Kvinner kan gjerne velje kjolar eller antrekk i naturfargar og mjuke tonar.

Kontaktperson tidsplan

Ta kontakt med toastmaster på telefon eller WhatsApp dersom du har spørsmål om tider eller transport.

← Tilbake

Takk for svaret ditt. ✨