Gåver

Det viktigaste for oss er ikkje gåver, men at de vel å reise til Frankrike og dele denne store dagen saman med oss. Vi veit at det kostar både tid og pengar å reise i bryllaup, og vi er veldig takksame for at de prioriterer å vere der. For oss er det i seg sjølv den største gåva vi kan få.

Dersom nokon likevel ønskjer å gje ei gåve, set vi stor pris på eit bidrag til bryllaupsreise og til sparing for å kunne utvide familien vår i framtida.

Bidrag til bryllaupet

Det finst òg mange andre måtar å bidra på. Kanskje du vil spele eller synge, leie ein leik, halde eit innslag, hjelpe til med praktiske oppgåver eller bidra til å skape gode opplevingar gjennom helga. Slike bidrag er med på å gjere bryllaupet til ei fantastisk feiring.